Kattegården vår (fleire bilder nedst på sida)

Altanen over kattegården er sikra med balkongnett.Etter å ha tatt steget frå huskatt til rasekatt, og fertil sådan, vart det brått slutt på å «bare sleppe katten ut» når han stod på døra og masa. Å ha «inne på natta»-kattar, som elskar utelivet på dagtid, har vore heilt naturleg alle åra eg har hatt katt. At dei stort sett ligg og søv på dagen, men heller kunne tenke seg å vere ute på natta i periodar, var vel noko matmor ikkje fokuserte fullt så sterkt på – tryggheten ved å ha dei inne på natta var viktig. Så kunne dei få vere ute og springe på dagen.

Kattegården under altanen ein tidleg vårdag med snø i lufta. Om sommaren og hausten er kattegården meir beskytta av prydbusker og blomster ut mot vegen i byggefeltet.Men kva gjer du då når du får ein fertil rasekatt eller fleire, som ikkje skal springe fritt ute? Kattesikre altanen? Luftegård? Kva muligheter har du og kva er trygt nok? Kva har andre gjort? Det medførte fleire søk på nettet og i forskjellige facebook-grupper.

To alternativ voks fram i tankane:

  1. Kattesikre altanane på 28 m2,  eller
  2. Bygge kattegård under same altanen.

Å kattesikre altanen med netting, viste seg å vere enkelt, - men samtidig utfordrande. Sjølv med høge stolpar og balkongnett, vart avstanden frå rekkverket til taket for kort for spretne kattar. Overgangen til taket er under stadig utvikling, med god uttesting av ivrige firbeinte hjelparar. Som ein av naboane sa ein kveld matmor og pus var på luftetur på taka over husrekka: «Ho var tung i steget i kveld, skjora…».

Det verka som den beste løysinga var å bygge kattegård under den berømte altanen, eit område som ikkje kunne brukast til blomster og plantar, sidan der er tørt og nesten utan direkte sol. Sidan eg bur i andelsbustad, måtte det innhentast løyve frå naboar og styret. For å sikre meg at handverket vart solid nok, kontakta eg ein tømrar for å utføre jobben. Nettingen av merket Cintoflex, samt katteluke, kjøpte eg inn sjølv.

Sidan kattegården er under eksisterande altan, var det greitt å bruke stolpane ned frå denne som utgangspunkt. Tømraren monterte ekstra lekter mellom desse, for å få betre feste for nettingen, samt bygde ei solid dør med tilgang frå utsida. I tillegg monterte han katteluka gjennom ytterveggen på huset, slik at kattane kan gå fritt ut og inn når dei ønskjer. Når ikkje matmor låser den i eitt av dei tre posisjonane låst/låst ut/låst inn.

Med god rettleiing frå ein handyman i nabolaget, fekk eg i tillegg lagt terrassegolv i kattegården. To klatretre vart henta frå gode kattevenner i nærheten, og fleire hyller i ulike høgder vart montert. No er det muleg å springe rundt i høgda langs alle fire veggane – sjølv der det er netting.

I tillegg vart dette ein perfekt sitteplass for matmor og besøkande, i sein kveldssol eller når det regnar ute. Terrasseteppe og kafemøblar kom raskt på plass, og eit gammalt kjøkkenskapskrog med ullteppe fungerer som hule visst dei ønskjer det. På regnversdagar eller ein sein sommarkveld er det herlig å kunne leike med kattane i kattegården, kikke på blomstrane og prydbuskene utanfor, og prate med naboar eller andre forbipasserande som barnehagar på tur, eller folk på hundelufting.

I kattegården har dei utedo. Etter litt testing (klumpesand er ikkje tingen når deler av kattegården blir våt av regn når det blæs…), enda vi på peewee-do med pellets i kattegården. Det ser ut for å fungere optimalt, og litt sagmugg er lett å koste opp frå teppet, eller riste ut av den lodne matta som ligg framfor peewee-doen.

For at kattane etter kvart skal få tilfredsstilt behovet for å ete gras i blant, har eg kjøpt pallekarm på Felleskjøpet og sådd gras i denne. Men eg ventar med å sette den inn i kattegården til graset er godt etablert, elles blir det vel ein ynda «do nr. to».

Tryggheten med kattegården er av enorm verdi! Samtidig får kattane, både innekattane og «inne på natta»-katten, oppleve jakt etter insekt i sein kveldssol, fuglekvitter, høge lydar frå bilar, og kjenne lukt frå hundar og andre forbipasserande. No kan både «inne på natta»-katten og rasekattane vere ute i kattegården når dei vil, mens matmor kan sove trygt og godt.

Det som vart til overs av Cintoflex-nettingen frå kattegården, har eg brukt til å kattesikre inngangspartiet ved huset, for eksempel espalieret som er kledd med Cintoflex og festa med strips frå Biltema. Som grind har eg brukt kompostbeholder-gitter frå Plantasjen, som er stripsa saman. Cintoflex er eit materiale som er svært lett, fleksibelt og enkelt lar seg klippe til og tilpasse til små smutthull som kattar normalt elskar å benytte seg av.

Egentleg er det det bare fantasien som set grenser for kva som er muleg å få til, og med god starthjelp frå tømrer for å få på plass skroget, har plassen endeleg fått ein mykje brukt og nyttig funksjon.