Katteoppdrett?

«Katteoppdrett?»

Skepsisen utbrotet uttrykker er minst like stor som då dei sa: «Pistolskyting?». Utan å sette desse to tinga i samanheng med kvarandre, har denne reaksjonen blant mine vener fått meg til å tenke. Som Pippi sa: Det har eg aldri prøvd før, så det får eg sikkert til. Dei som kjenner meg veit at eg ikkje gjer ting 50 %. Eller 90 %. Å begynne med konkurranseskyting trigga konkurranseinstinktet mitt, som er «litt over gjennomsnittet» sterkt. Med eit fantastisk miljø og ein god trenar, resulterte dette i nokre merittar og seinare deltaking i NM. 

Kjærleiken til dyr generelt, og kattar spesielt, har aldri vore ein skjult eigenskap. Men i motsetning til å kaste seg ut i det, tok det fleire år med fundering og utdanning før eg kjente at dette er noko eg kan sette i gang med. Den medfødde skepsisen låg i bakgrunnen. Kven i all verden vil kjøpe katt frå meg? Ingen veit jo kven eg er. Korleis skal eg klare å finne gode og engasjerte kattungekjøparar? Korleis skal eg forsikre meg om at eg har funne den optimale familien til mine avkom? Stakkars små nøsta som eg ikkje har hjarte til å overlate til andre? Bekymringane låg i kø.

Kvifor vil eg då starte med oppdrett? Når verda fløymer over av heimlause kattar? For det første kan du ikkje forstå svaret utan å sjølv å ha opplevd ein Maine Coon. Vi snakkar om meir enn "bare ein katt". Du må òg forstå litt av konkurranseinstinktet for å bli endå litt betre, skape noko som er endå litt flottare. Få tak i den perfekte avlskatten. Ansvaret med å bringe vidare det flotte arbeidet oppdrettarane av mine kattar har utført over mange år. Finne dei rette kombinasjonane av linjer og styrker ved kvart av dyra, avlsdyr som kan komplettere kvarandre, som gjer at resultatet blir endå meir rasetypisk flott, med fokus på god helse og fantastisk lynne. Med mange utstillingar og fleire PawPeds-kurs i bagasjen gjennom dei siste tre åra, med god hjelp av mentoren min og kattane mine sine oppdrettarar, med mange gode samtaler og gode råd frå andre erfarne og mindre erfarne oppdrettarar, og gjennom kontakt med Dyrebeskyttelsen, kan eg i dag seie at NO er eg klar! 

Samstundes er det så godt når framtidige kattungekjøparar viser slikt engasjement for kattesporten som eg har tapt hjartet mitt til. Ikkje nødvendigvis til utstilling og ønskje om å skape den perfekte Maine Coonen, men engasjementet når det gjeld å få eit nytt varig familiemedlem, spørsmål som helse, lynne, pelsstell, vaksiner og anna veterinærhjelp, forsikring, utstyr, kattesikring av heimen m.m. Samtaler med slike flotte potensielle kattungekjøparar er gull verdt for ein skeptisk oppdrettar. Så med handa på hjertet, kan eg igjen seie: NO er eg klar! No manglar eg bare eit 20-tals kattungar for å glede ventande supre familiar. No er resten opp til dei firbeinte!


(This text is written in the Norwegian language "Nynorsk". Google Translate will not give the best translation, but let's give it a try.)