Vilkår og status på kattungane

Vi vil vente til kullet er omlag 8 veker før vi gir tilbod om å reservere. Dette betyr dei ulike statusane:

  • Ledig - kattungen er ledig til den rette heimen. Ta kontakt ved interesse.
  • På hold - kattungen er under vurdering for avl, utstilling eller selskap/kos, og kan bli ledig. Ta kontakt ved interesse.
  • Reservert - kattungen er reservert og reservasjonsgebyr er betalt
  • Seld - kattungen er seld og har flytta til ny heim

Ved levering vil kattungane:

  • vere minimum 14 veker gamle
  • vere godt sosialiserte
  • ha fått ormekur etter anbefalingar frå veterinær
  • vere ferdig grunnvaksinerte (dvs to vaksiner)
  • ha fersk helseattest frå veterinær (ikkje eldre enn 21 dagar)
  • ha detaljert kjøpskontrakt med tillegg, gjennomgått av begge partar før reservering
  • ha stamtavle i NRR (FIFe)
  • vere ID-chipa og registrert med chip i søkbart register hos NRR (Min Katt)
  • ha veterinærpass (EU) ved behov
  • kattungar selde til selskap/utstilling vil vere kastrerte før levering
  • vere fullforsikra i Agria Dyreforsikring med "Skjulte feil"-forsikring i 5 år, og tilbod om karensfri overtaking av forsikringa frå flyttedato.
  • få med seg ein kattungepakke med for, leikar m.m.
  • livslang oppfølging frå drettar
  • ny eigar får tilbud om å bli med i chatte-gruppa "Fjordlynx-slavar", der ein kan bli kjent med andre med Fjordlynx-kattar

Kattungar til avl vil kun bli selde til registrerte oppdrettarar.

Prosessen rundt å skaffe seg ein Fjordlynx-kattunge

Vi vil sikre at kattungane kjem til den rette heimen, slik at opplevinga blir positiv både for ny familie og for pus. Dette er stega i prosessen og vilkåra:

  1. Innleiande uforpliktande samtaler/skriftleg dialog omkring ledige kattungar og eventuell interesse for desse.
  2. Besøk hos oss eller møte for å avklare spørsmål som:
    • Familiemedlemmer, alder, fritidsaktivitetar, kvardagsliv
    • Korleis ein bur mtp farer som biltrafikk, rovdyr m.m.
    • Andre dyr i husstanden
    • Reiser og feriar, korleis løyse det for pus
    • Nærhet til veterinær, og krav om forsikring
    • Erfaring med Maine Coon eller langhårsdyr
    • Kva er formålet med å skaffe ein Maine Coon (utstilling, selskap/kos?)
    • Kva kan kjøpar tilby ein kattunge frå Fjordlynx
  3. Interessentar kan få tilsendt Fjordlynx sitt infoskriv om Maine Coon dersom interessent er ukjent med rasen.
  4. Interessentar kan komme med ønskje om spesifikk kattunge, men oppdrettar har beslutningsrett når det gjeld rett katt til rett familie, og til rett føremål (utstilling vs kos).
  5. Avklaring om begge partar ønskjer å gå vidare med prosessen mtp den aktuelle ledige kattungen. Det er nok at ein av partane ønskjer å avslutte vidare prosess. Ved semje om å fortsette prosessen, blir status på kattungen endra til "På hold".
  6. Gjennomgang av kjøpekontrakt med vedlegg.
  7. Om semje kring detaljane, vil interessent få tilbod om å reservere kattungen.
  8. Kattungen er reservert når reservasjonsgebyr er betalt, og status på kattungen blir endra til "Reservert". Gebyret blir ikkje refundert dersom kjøpar seinare ombestemmer seg. Oppdrettar kan ikkje trekke tilbodet når reservasjonsgebyr er betalt innafor oppgitt frist.
  9. Kjøpekontrakt blir signert og restbeløp betalt ved henting av kattungen. Status på kattungen blir endra til "Seld" og oppdrettar fullfører omregistrering til ny eigar hos NRR. Oppdrettar vidareformidlar informasjon om ny eigar til Agria mtp flytting av forsikringa. Den signerte kontrakten er juridisk bindande iht. kjøpslova.
  10. Ved usemje gjeld bestemmelsane i avtalelova og kjøpslova.

Bur du i nærheten av Førde og vil vite meir om å vere fôrvert? Ta kontakt med oss.


If you are interested in a kitten from us

Kittens can not be reserved until they are around 8 weeks old.

  • Available  –  the kitten is for sale 
  • On hold  –  the kitten is considered for breeding, but can become free later, so do ask if you are interested
  • Reserved  –  deposit for the kitten is paid 
  • Sold  –  the kitten is sold and has moved to a new home 

Kittens going to a new home will:

  • be at least 14 weeks old
  • be well socialized
  • have been dewormed according to recommendations
  • have received the first vaccines
  • have a Veterinary Certificate
  • have a detailed contract
  • be neutered before delivery
  • have a Registered Pedigree in NRR (FIFe)
  • be ID-chipped and registered with chipnumber in NRR
  • have a veterinary (EU) passport
  • kittens sold as pets will be neutered before delivery

We only sell kittens for breeding to registered breeders.