Mitt namn er Sissel Karin Hals, og eg er født i 1967. Eg har ein son, Jonas, født i 1998. Vi bur øverst i Vieåsen i Førde, ein liten og roleg bygdeby blant fjordar og fjell på Vestlandet i Norge. Vi har adoptert ein katt av rasen Eventyrmix frå Dyrebeskyttelsen, og så har vi oppdrett av rasen Maine Coon.
Dette er ein herleg katterase, som blir kalla the gentle giants. Dei er kjente for å vere store og morske, med herlege gaupe-tufsar på øyrene, men dei er verdas snillaste og svært sosiale kattar. Mykje kan skrivast om rasen, men det beste er om de vil komme på besøk for å møte meg og kattane for kattekos og ein god katteprat. Send oss gjerne kontaktinfoen din under menyvalet Kontakt, eller send oss ei melding på Facebook eller Instagram.
I tillegg til inneområdet, har kattane direkte tilgang til 15 m2 kattegård under tak godt skjerma for ver og vind, samt 10 + 15 m2 inn-netta balkongar. Vår kastrerte katt kan i tillegg vere ute på dagtid. Han elskar å leike eller sove i lyngen i tunet mellom husrekkene i Vieåsen, og er alle naboar sin store kjæledegge. Han er aldri langt vekke, og er alltid på plass når vi kjem heim frå skule og jobb, klar til å følge oss for å hente posten eller bossdunken.
1. september 2015 vart vårt stamnamn NO*Fjordlynx godkjent. Vi har i snitt 1-2 kull kvart år. Det er ikkje mange, men vi ønskjer å fortsette med utstillingar og har hatt fokus på kompetanseheving i tillegg. No kan vi skilte med å ha bestått både første, andre og tredje kurs av PawAcademy, samt at vi hausten 2018 bestod diplomeringsprogrammet til NRR, og kan no bruke tittelen Diplomoppdrettar. Ved å klikke på sløyfene under, vil du kunne sjå liste over alle oppdrettarar som har fullført G1, G2 og G3.
Alle kattane blir DNA-testa for HCM, SMA og PK-def, samt HCM-scanna. Nokre av kattane har òg blitt HD-røntga. Testresultata er rapportert til NRR og PawPeds, og er tilgjengelege i maine coon databasen hos PawPeds og i Min Katt-databasen til NRR.
My name is Sissel Karin Hals. I was born in 1967, and have a son, Jonas, who is born in 1998. We live in a little and quiet town among the fjords in the western part of Norway. I've always lived with cats, and bought my first Maine Coon in 2014.
The cats can choose to stay indoor or play outside in the cat yard, where there's shelter from rain and snow. They also can spend time on a balcony. The neutered cat can play outside during the days, and he loves the attention from the neighbours.
In 2015 my cattery NO*Fjordlynx was registered. We want to focus on education and shows before we announce kittens later. All cats are DNA-tested for HCM, SMA and PK-def, and also HCM-scanned and HD x-rayed. The testresults are reported to PawPeds, and can be found in the maine coon database.
Ute i tunet/outside:
I luftegården / in the cat run: (sjå òg ei eiga side om kattegården vår)