Current
P-kullet / Our P-litter
Født / Date of Birth: 30.Nov.2025
- Grand International Champion (GIC)
- Junior Champion (JCH)
- Kitten Champion (KCH)
GIC JCH KCH NO*Fjordlynx Loverboy
- MCO as 22
Avkom / Offspring
NO*Fjordlynx Perfect Princess Superstar (Tjorven)
Reservert / Reserved
❤️ Ruby og Loverboy har fått flotte babyar. ❤️
🐈⬛🐈⬛🐈⬛🐈⬛
NO*Fjordlynx Perfect Sirius Star, bruntabby jente
NO*Fjordlynx Perfect Bitchy Star, bruntabby jente
NO*Fjordlynx Perfect Orion Star, bruntabby gut
NO*Fjordlynx Perfect Princess Superstar, sortsmoke jente
Testparing i NRR's Min Katt og i PawPeds
***
NO*Fjordlynx vart registrert i 2015, og eg har mange års erfaring med utstilling og avl. Eg har fullført Paw Academy (G1, G2, G3) og har bestått diplomoppdretter-eksamen hos NRR. Eg har høgt fokus på etikk, dyrevelferd og helse, noko eg får jobba med gjennom sentale verv for Norske Rasekattklubbers Riksforbund (NRR) og Maine Coon-ringen i Norge.
Kattungane frå NO*Fjordlynx blir selde med vaksiner ved ca 8 og 12 (det er anbefalt ei 3. vaksinedose ved 16 vekers alder ved høgt smittepress/utstilling), ormekur, ID-chip registrert hos NRR, ferdig kastrert, og med kjøpekontrakt og stamtavle frå NRR, fersk helseattest og virus/-parasitt-test (m.a. Feline Corona, Giardia og Tritrichomonas Foetus), HCM-screening av foreldre, kattungegaver frå m.a. Hill's, Royal Canin, Musti og Agria, samt diverse utstyr og leikar, karensfri forsikring hos Agria, og livslang oppfølging frå meg som oppdrettar. Du vil òg få tilbud om å bli med i gruppa "Fjordlynx-slavar" og bli kjent med andre som har kattungar frå oss.
Pris "all inclusive" for ferdig kastrert katt til kos/utstilling er 19.000 kroner. "Søskenrabatt" 1.000 kroner ved kjøp av fleire Fjordlynx-kattar. Andre vilkår gjeld dersom du ønskjer å vere fôrvert.
Har du lyst å vite meir om Fjordlynx-kattungane, krav vi stiller til deg som potensiell kjøpar, eller om du ønskjer meir informasjon om fôrkatt, så ta kontakt for ei uforpliktande samtale. Skriftleg tilbod om kjøp/fôrkatt blir gitt til den rette familien etter innleiande samtaler og besøk hos oss. Her er info om prosess og vilkår: Vilkår / Terms
Sissel Karin Hals, Førde i Sunnfjord. Tlf. 45803309. E-post: fjordlynx@enivest.net
Forklaring Status:
"Ledig / Available" - Ta kontakt ved interesse.
"På vent / On hold" - Er under vurdering, men kan bli ledig, ta gjerne kontakt om du vil stå i kø.
"Reservert / Reserved" - Er bestilt og reservasjonsgebyr er betalt.
"Seld / Sold" - Er flytta til ny heim.
"Blir / Stays" - Blir i oppdrettet.





