Negativ Giardia-test i oktober
Posted on 05.Oct.2023
Dessverre er det mange katte- og hundeoppdrett i Norge og i utlandet som blir smitta av Giardia, ein tarmparasitt som har blitt meir og meir vanleg dei siste åra. Giardia finst i naturen, og dyr og menneske kan bli smitta gjennom infisert drikkevatn eller via smittekjelder ute. Vi ønskjer å vere i forkant, og testar jamleg for å sikre oss at det ikkje er smitte blant kattane våre.
Giardia-parasitten er ein protozon eller eincella parasitt som lever inne i tarmen til dyra, og formerer seg der. Parasitten skiljer òg ut cyster via avføringa. Andre dyr som lever i samme hus kan bli smitta ved å bruke samme dokasser og matskåler. Kattane kan i tillegg smitte miljøet ved å bringe vidare cystene via potar og pels til golv, liggeplassar, og alle andre plassar katten befinn seg, samt ved å vaske kvarandre. I tillegg kan vi menneske dra cystene med oss rundt der vi ferdast, òg på besøk hos andre. Smitte og resmitte er derfor ei stor utfordring.
Det er ikkje alltid Giardia gir symptom, derfor er det viktig å teste jamleg. Nokre kan få symptom i form av diaré, slimete avføring og buksmerter, men ikkje alle. For vaksne og friske individ er parasitten mindre skadeleg, men for unge, samt sjuke og eldre dyr, kan smitten vere alvorleg. Parasitten er derfor viktig å oppdage så tidleg som muleg, samt å iverksette behandling og sanering umiddelbart. Dette kan forhindre at kattungar som flyttar bringer smitten vidare til nye heimar, samt forhindre at besøkande får med seg smitten til sine heimar og dyr.
Ved mistanke om eller ved påvist smitte er det viktig at oppdrettet er i karantene. Karantenen skal meldast inn til katteklubben som vi er medlem av, og kan opphevast av veterinær når det føreligg friskmeldingsattest av alle dyr i bestanden. Vi føl bestemmelsane i NRR sitt karantenereglement, som seier at bestanden skal haldast isolert frå andre kattar og at det ikkje er tillatt med kjøp, sal, oppdrett eller utstilling av katt frå denne bestanden under karantenen.
Sidan vi er aktive når det gjeld utstillingar og besøkt til - og av - andre med dyr, samt har kattar som òg er ute, har vi valt å teste jamleg for denne parasitten, sik at vi kan iverksette tiltak så raskt som råd ved ein eventuell positiv test. Vil du vite meir om Giardia og testing, kan du gjerne ta kontakt med oss.
Lenker til meir informasjon:
Giardia og innvollsorm hos hund og katt, Giardia, Panacur vet.
Nye retningslinjer for behandling av Giardia hos hund, Giardia, Svensk Veterinärtidning 8-2022