O-kullet / Our O-litter
Født / Date of Birth: 22.Jul.2024
- Grand International Premier (GIP)
- Supreme Champion (SC)
GIP SC ES*Gattacamoon X-Man JW DVM
- Junior Winner (JW)
- Distinguished Variety Merit (DVM)
- MCO ns
Avkom / Offspring
Hannah Montana og X-Man fekk fire vakre kattungar 22. juli 2024. Dette er Hannah sitt første kull og X-Man sitt siste, då han har blitt kastrert no. 💕
***
NO*Fjordlynx vart registrert i 2015, og eg har mange års erfaring med utstilling og avl. Eg har fullført Paw Academy (G1, G2, G3) og har bestått diplomoppdretter-eksamen hos NRR. Eg har høgt fokus på etikk, dyrevelferd og helse, noko eg får jobba med gjennom sentale verv for Norske Rasekattklubbers Riksforbund (NRR).
Kattungane frå NO*Fjordlynx blir selde med vaksiner ved ca 8 og 12 (det er anbefalt ei 3. vaksinedose ved 16 vekers alder ved høgt smittepress/utstilling), ormekur ved 3, 6 og 9 vekers alder, ID-chip registrert hos NRR, ferdig kastrert, og med kjøpekontrakt og stamtavle frå NRR, fersk helseattest og virus/-parasitt-test (m.a. Feline Corona, Giardia og Tritrichomonas Foetus), HCM-screening av foreldre, kattungegaver frå m.a. Hill's, Royal Canin, Musti og Agria, samt diverse utstyr og leikar, karensfri forsikring hos Agria, og livslang oppfølging frå meg som oppdrettar. Du vil òg få tilbud om å bli med i gruppa "Fjordlynx-slavar" og bli kjent med andre som har kattungar frå oss.
Pris "all inclusive" for ferdig kastrert katt til kos/utstilling er 17.000 kroner. "Søskenrabatt" 1.000 kroner ved kjøp av fleire Fjordlynx-kattar. Andre vilkår gjeld dersom du ønskjer å vere fôrvert.
Har du lyst å vite meir om Fjordlynx-kattungane, krav vi stiller til deg som potensiell kjøpar, eller om du ønskjer meir informasjon om fôr katt, så ta kontakt for ei uforpliktande samtale og besøk hos oss.
Sissel Karin Hals, Førde i Sunnfjord. Tlf. 45803309. E-post: fjordlynx@enivest.net





