*** ENDELEG - vi planlegg kull!!! ***
Mellom dei høgt premierte jentene i Noble-kullet og vår flotte Loverboy!
💙 IC KCH NO*Fjordlynx Noble Ruby 💙 og 💙 IC KCH NO*Fjordlynx Noble Diamond 💙
skal tilbringe hausten 2025 saman med 💙 IC JCH KCH NO*Fjordlynx Loverboy 💙
Dette blir dei første Fjordlynx-kulla på meir enn eitt år, sidan vi har hatt det svært travelt med utstillingar i det siste. :-)
Dette blir SÅ spennande kombinasjonar med blåsølvtabby og sortsmoke-kvit, og blåsølvtabby og bruntabby, og med dei nydelege kattane Bermuda, X-Man, Lotta og Heidy bak i linjene. <3
Her kan du finne stamtavler til kulla:
Ruby & Loverboy Diamond & Loverboy
Vil du vite meir eller stå på venteliste for ein Fjordlynx-kattunge, kan du sende ein e-post til fjordlynx@enivest.net eller ta kontakt på mobiltlf. 45803309.
*****
Om oss:
NO*Fjordlynx vart registrert i 2015, og eg har mange års erfaring med utstilling og avl. Eg har fullført Paw Academy (G1, G2, G3) og har bestått diplomoppdretter-eksamen hos NRR. Eg har høgt fokus på etikk, dyrevelferd og helse, noko eg får jobba med gjennom sentale verv for Norske Rasekattklubbers Riksforbund (NRR).
Kattungane frå NO*Fjordlynx blir selde fullvaksinerte, med ormekur ved 3, 6 og 9 vekers alder, ID-chip registrert hos NRR, og ferdig kastrert med kjøpekontrakt og stamtavle frå NRR, fersk helseattest, virus/-parasitt-test frå oppdrettet (m.a. Feline Corona, Giardia og Tritrichomonas Foetus), HCM-screening og HD-røntgen av foreldre/forforeldre, kattungegaver frå m.a. Hill's, Royal Canin, Musti og Agria, samt diverse utstyr og leikar, karensfri forsikring hos Agria, og livslang oppfølging frå meg som oppdrettar. Du vil òg få tilbud om å bli med i gruppa "Fjordlynx-slavar" og bli kjent med andre som har kattungar frå oss.
Pris "all inclusive" for ferdig kastrert katt til kos/utstilling er 17.000 kroner. "Søskenrabatt" 1.000 kroner ved kjøp av fleire Fjordlynx-kattar. Andre vilkår gjeld dersom du ønskjer å vere fôrvert.
Har du lyst å vite meir om Fjordlynx-kattungane, krav vi stiller til deg som potensiell kjøpar, eller om du ønskjer meir informasjon om fôrkatt, så ta kontakt for ei uforpliktande samtale og besøk hos oss.
Sissel Karin Hals, Førde i Sunnfjord. Tlf. 45803309. E-post: fjordlynx@enivest.net
Fjordlynx på Facebook Fjordlynx på Instagram